Fribyen – og den ufrie byen

May 31, 2017

18:00

01:00

I Bangladesh blir bloggarar drepne på gata med machete. Ein av dei som hamna på dei islamske ekstremistanes dødsliste bur nå i Bergen. Ein cubansk dissident mista jobben, blei trakassert og overvaka og forlot til slutt Castros ”sosialistiske paradis”. Han fekk si frihamn i Reykjavik. Ein iransk satireteiknar måtte flykta etter å ha blitt fengsla for ei uskuldig barneteikning. Han bur nå i Paris. Dette er tre av personane Finn Våga og Jan Zahl i Stavanger Aftenblad har møtt i sitt Fritt Ord-støtta prosjekt. Først besøker dei fribyforfattarar i sin nye, trygge heimby. Deretter drar dei til byen fribyforfattarane måtte flykta frå – og møter dei som blei igjen. Korleis få store og brennbare spørsmål rundt ytringsfridom til å bli relevante for norske lesarar? Korleis få folk og problemstillingar langt, langt borte til å bli nære?

Copyright 2017 Xevent. All rights reserved