Linda Eide

Programleiar, journalist og forfattar, NRK

Linda Eide er norsk programleiar, journalist og forfattar. Ho har jobba med radio, tv, avis, foredrag og teater.

For dokumentaren Døden Bak Styret fekk ho Bergen Journalistlag sin Gullparaply. Ho er blitt tildelt Gullruten, både for beste reportasje og for beste programleiar, og har mottatt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Eide er kjend frå fjernsynsseriar som Norsk attraksjon og Smæsj, og er for tida aktuell med snakkeshowet Eides språksjov.

I 2018 tok ho boka Oppdrag Mottro til scenen, på Hordaland Teater i Bergen. I teaterframsyninga kombinerer ho element frå tv, radio og avistekstar for å fortelje historia om mor si. Utgangspunktet for Oppdrag Mottro og mykje av det Eide elles fortel om, er historiene som ligg rett framfor augene våre, og som vi likevel, eller nettopp difor, ikkje ser.

Talks