Hennar første bok, Insektenes planet, blei nominert til Brageprisen i 2018. Den er omsett til meir enn 20 språk, blei ein Sunday Times-bestseljar og blei kåra av The Smithsonian som ei av dei ti beste vitskapsbøkene i 2019. Barneboka Insektenes hemmeligheter fekk òg strålande kritikkar og er omsett til koreansk, kinesisk, fransk og svensk. Anne har òg skrive for dei aller yngste, i bildeboka Dovendyret og sommerfuglen. I 2020 kom bestseljaren På naturens skuldre, ei bok som beskriv menneska si samhandling med naturen, og korleis vår kapasitet til å utnytte den samstundes kan undergrave grunnlaget for eksistensen til menneska. Boka blei nominert til Kritikarprisen.
Anne er ein av Noregs mest profilerte og entusiastiske formidlarar av kunnskap om insekt og natur. Ho held foredrag, skriv avis- og magasinartiklar og er ofte å høyre i radio eller TV. Anne fekk Bonnevieprisen i 2018 og Forskningsrådets formidlingspris i 2020.
Meir om Anne Sverdrup-Thygeson:
Heimeside: https://www.nmbu.no/go/annesverdrupthygeson, inkludert noen kronikktekster